torsdag 12. april 2012

Linfrø

Har gått til innkjøp av knuste linfrø for å ha det i smoothie. Linfrø er veldig sunt og inneheld viktige næringsstoff som ein ikkje finn så mange andre stader i eit vegetarisk kosthald, blant anna er det ein god kjelde til omega-3-fettsyrer og jern. Likevel åtvaras det mot stort inntak av linfrø, og då spesielt knuste, pga at det inneheld enzymet linamase som frigjer blåsyre (HCN) i kroppen. Men innhaldet av dette enzymet er ikkje stort, berre 1%, og kroppen omset og fjernar det sjølv, så lenge ein ikkje får i seg for store mengder.

Ein annan ting med knuste linfrø er at dei harsknar fort. Linfrø inneheld mykje av omega-3 fettet alfalinolensyre (ALA) som er mindre stabilt enn mange andre umetta fettsyrer. I knuste frø vil fettet vera meir utsett og holdbarheten går ned. Åpna pakningar skal oppbevarast i kjøleskåp, og helst i ein mørk behaldar.

Næringsverdi: Energi 1590 kJ/380 kcal
Protein 20 g
Karbohydrater 0 g
hvorav sukkerarter 0 g
Fett 34 g
hvorav mettet fett 3 g
Fiber 28 g
Natrium 34 mg
Jern 6 mg (43%*)

Tilrådd dagleg inntak er 1-2 ss.

Linfrø får du kjøpt i helsekostbutikkar og i daglegvarehandel med stort utval.

fredag 24. februar 2012

Forks over Knives

Er du oppteken av kosthold? Om du er kjøtetar eller godtemoms vil eg tilrå deg å sjå filmen Forks over Knives. Den tek for seg korleis ein ved hjelp av kostholdet kan forbetre og oppretthalde ei god helse. Forskarane som er intervjua i filmen har funne ut at ein kan kontrollere, og til og med reversere alvorlege livsstilssjukdomar som t.d. kreft, berre ved leggje om til eit plantebasert kosthald. Filmen gjer deg den kunnskapen og motivasjonen som skal til for å leggje om kosthaldet og livsstilen. Ein verkeleg augeåpnar! Les meir om filmen HER

mandag 16. januar 2012

Miljøvenlege produktar

Eg vil tru det er mange som ønskjer å vera meir miljøvenlege i kvardagen men som ikkje heilt veit korleis dei kan bli det. Ein ting eg absolutt vil tilrå er å handle kosmetiske produktar hjå Lush. Dei har alt frå sjampo til massasjeolje, og produkta er grunnleggjande miljøvenlege både med omsyn til kvar råvarane kjem frå, og måten produkta vert laga på. Ein ting som kan hende er litt uvant for dei som er vant til godt innpakka produktar med fancy design, er at mange av produkta er i fast form og utan innpakning. Fordelane med å ha produkt i fast form er mange:

  • Produktet varer lenger. T.d. varar ein sjampobar ca. 3 gonger lenger enn ei sjampoflaske. 
  • Ein unngår konserveringsmidlar, også kalla parabenar. 
  • Ein sparar store mengder emballasje.
Hvis du nokon gong har vore i nærleiken av ein Lushbutikk har du sikkert kjend lukta før du såg butikken. Dette er sjølvsagt fordi produkta ligg "nakne" i butikken, men også fordi Lush nyttar ekte eteriske oljar som har ei naturleg sterk duft, og som er veldig bra for huda. Viss du t.d. tek ein massasjebar og varmar han mellom hendene vert desse oljane frigjorte og hendene vert silkemjuke. Men Lush har òg mange produkt i flytande form. Desse inneheld som regel enten methylparaben og propylparaben, som er dei tryggaste konserveringsmidlane som er å få, og som har vore brukte i alt frå kosmetikk til mat i fleire tiår.

Produkta er også økologiske om det er mogeleg, og mange av produkta er faktisk 100% naturlege. Eg trur ikkje du finn meir miljøvenleg butikk. Sjekk det ut om du er i Oslo, Bergen eller Trondheim, eller vitje heimesida deira her.