torsdag 12. april 2012

Linfrø

Har gått til innkjøp av knuste linfrø for å ha det i smoothie. Linfrø er veldig sunt og inneheld viktige næringsstoff som ein ikkje finn så mange andre stader i eit vegetarisk kosthald, blant anna er det ein god kjelde til omega-3-fettsyrer og jern. Likevel åtvaras det mot stort inntak av linfrø, og då spesielt knuste, pga at det inneheld enzymet linamase som frigjer blåsyre (HCN) i kroppen. Men innhaldet av dette enzymet er ikkje stort, berre 1%, og kroppen omset og fjernar det sjølv, så lenge ein ikkje får i seg for store mengder.

Ein annan ting med knuste linfrø er at dei harsknar fort. Linfrø inneheld mykje av omega-3 fettet alfalinolensyre (ALA) som er mindre stabilt enn mange andre umetta fettsyrer. I knuste frø vil fettet vera meir utsett og holdbarheten går ned. Åpna pakningar skal oppbevarast i kjøleskåp, og helst i ein mørk behaldar.

Næringsverdi: Energi 1590 kJ/380 kcal
Protein 20 g
Karbohydrater 0 g
hvorav sukkerarter 0 g
Fett 34 g
hvorav mettet fett 3 g
Fiber 28 g
Natrium 34 mg
Jern 6 mg (43%*)

Tilrådd dagleg inntak er 1-2 ss.

Linfrø får du kjøpt i helsekostbutikkar og i daglegvarehandel med stort utval.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar