Viser innlegg med etiketten kosmetikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kosmetikk. Vis alle innlegg

mandag 16. januar 2012

Miljøvenlege produktar

Eg vil tru det er mange som ønskjer å vera meir miljøvenlege i kvardagen men som ikkje heilt veit korleis dei kan bli det. Ein ting eg absolutt vil tilrå er å handle kosmetiske produktar hjå Lush. Dei har alt frå sjampo til massasjeolje, og produkta er grunnleggjande miljøvenlege både med omsyn til kvar råvarane kjem frå, og måten produkta vert laga på. Ein ting som kan hende er litt uvant for dei som er vant til godt innpakka produktar med fancy design, er at mange av produkta er i fast form og utan innpakning. Fordelane med å ha produkt i fast form er mange:

  • Produktet varer lenger. T.d. varar ein sjampobar ca. 3 gonger lenger enn ei sjampoflaske. 
  • Ein unngår konserveringsmidlar, også kalla parabenar. 
  • Ein sparar store mengder emballasje.
Hvis du nokon gong har vore i nærleiken av ein Lushbutikk har du sikkert kjend lukta før du såg butikken. Dette er sjølvsagt fordi produkta ligg "nakne" i butikken, men også fordi Lush nyttar ekte eteriske oljar som har ei naturleg sterk duft, og som er veldig bra for huda. Viss du t.d. tek ein massasjebar og varmar han mellom hendene vert desse oljane frigjorte og hendene vert silkemjuke. Men Lush har òg mange produkt i flytande form. Desse inneheld som regel enten methylparaben og propylparaben, som er dei tryggaste konserveringsmidlane som er å få, og som har vore brukte i alt frå kosmetikk til mat i fleire tiår.

Produkta er også økologiske om det er mogeleg, og mange av produkta er faktisk 100% naturlege. Eg trur ikkje du finn meir miljøvenleg butikk. Sjekk det ut om du er i Oslo, Bergen eller Trondheim, eller vitje heimesida deira her.