Til slutt vil eg nevne at eg alltid undersøkjer om kosmetikk det er testa på dyr. No som Lush har kome til Bergen handlar eg mest der, for der veit eg at ingenting er testa på dyr og alt er så miljøvenleg som ein får det.
onsdag 16. november 2011
Dyrevelferd, og eit håp om ei betre verd
Noko av det eg brenn mest for er dyrevern og dyrevelferd. Industrialisering av dyr er rett og slett overgrep, og det er noko eg meiner folk må få augene opp for. Mange tenkjer ikkje på kva dyr har måtte oppleve og gjennomgå for at me mennesker skal få ting og mat me godt kunne greidd oss utan. Det verste dømet er pelsindustrien. Omlag 800.000 rev og mink vert avla fram og drepne kvart år i Noreg, berre for å bli til pels. Dei vert haldne innestengt i små nettingbur på pelsfarmar. Pelsdyra lid i bur. Dei drep eigne valpar og et på eigne kroppsdelar i frustrasjon over å vere innesperra. Til slutt vert pelsdyra drepne med strøm eller gass.* Eg tykkjer det er uhaldbart i eit land som Noreg at pelsindustri framleis er lovleg og får statsstøtte. Difor undersøkjer eg om dei butikkane eg handlar i sel pels, og hvis dei gjer det handlar eg ikkje der. Eg har òg skrive til ein butikk at eg ikkje ønskjer å støtte dei fordi dei sel pels. Fekk ingen respons dessverre. Dette var butikken Josefine, som heldt til på Gol.
Eg har vore tilnerma vegetarianar i nokre månader no og tykkjer det går greitt. Eg har merka at det er kjøt i veldig mange ting, t.d ferdige grønnsakssupper som inneheldt kjøtekstrakt. Heilt unaudsynt spør du meg. Årsaka til at eg har vald å kutte ut kjøt er fyrst og fremst pga kjøtindustrien. I landbruket vert dyra avla til å vekse fort og produsere mykje. Dei vert haldne innesperra på lite plass og dette har alvorlege konsekvensar for dyrevelferda. Den intensive drifta påfører dyra sjukdom og atferdsforstyrringar.* Men eg tykkjer ikkje det er noko problem å ete fisk og dyr som har levd heile livet ute i det fri. Så eg kan ete vilt og fisk, men prøver å unngå oppdrettsfisk. Noko av det beste eg veit er å vere på hytta på fjellet om sumaren og ete sjølvfanga fisk. Å leve etter naturen sine prinsipp, trur eg er den rette måten å leve på.
Til slutt vil eg nevne at eg alltid undersøkjer om kosmetikk det er testa på dyr. No som Lush har kome til Bergen handlar eg mest der, for der veit eg at ingenting er testa på dyr og alt er så miljøvenleg som ein får det.
*Kjelde: Dyrevernalliansen
Til slutt vil eg nevne at eg alltid undersøkjer om kosmetikk det er testa på dyr. No som Lush har kome til Bergen handlar eg mest der, for der veit eg at ingenting er testa på dyr og alt er så miljøvenleg som ein får det.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
