mandag 16. januar 2012

Miljøvenlege produktar

Eg vil tru det er mange som ønskjer å vera meir miljøvenlege i kvardagen men som ikkje heilt veit korleis dei kan bli det. Ein ting eg absolutt vil tilrå er å handle kosmetiske produktar hjå Lush. Dei har alt frå sjampo til massasjeolje, og produkta er grunnleggjande miljøvenlege både med omsyn til kvar råvarane kjem frå, og måten produkta vert laga på. Ein ting som kan hende er litt uvant for dei som er vant til godt innpakka produktar med fancy design, er at mange av produkta er i fast form og utan innpakning. Fordelane med å ha produkt i fast form er mange:

  • Produktet varer lenger. T.d. varar ein sjampobar ca. 3 gonger lenger enn ei sjampoflaske. 
  • Ein unngår konserveringsmidlar, også kalla parabenar. 
  • Ein sparar store mengder emballasje.
Hvis du nokon gong har vore i nærleiken av ein Lushbutikk har du sikkert kjend lukta før du såg butikken. Dette er sjølvsagt fordi produkta ligg "nakne" i butikken, men også fordi Lush nyttar ekte eteriske oljar som har ei naturleg sterk duft, og som er veldig bra for huda. Viss du t.d. tek ein massasjebar og varmar han mellom hendene vert desse oljane frigjorte og hendene vert silkemjuke. Men Lush har òg mange produkt i flytande form. Desse inneheld som regel enten methylparaben og propylparaben, som er dei tryggaste konserveringsmidlane som er å få, og som har vore brukte i alt frå kosmetikk til mat i fleire tiår.

Produkta er også økologiske om det er mogeleg, og mange av produkta er faktisk 100% naturlege. Eg trur ikkje du finn meir miljøvenleg butikk. Sjekk det ut om du er i Oslo, Bergen eller Trondheim, eller vitje heimesida deira her.

onsdag 16. november 2011

Dyrevelferd, og eit håp om ei betre verd

Noko av det eg brenn mest for er dyrevern og dyrevelferd. Industrialisering av dyr er rett og slett overgrep, og det er noko eg meiner folk må få augene opp for. Mange tenkjer ikkje på kva dyr har måtte oppleve og gjennomgå for at me mennesker skal få ting og mat me godt kunne greidd oss utan. Det verste dømet er pelsindustrien. Omlag 800.000 rev og mink vert avla fram og drepne kvart år i Noreg, berre for å bli til pels. Dei vert haldne innestengt i små nettingbur på pelsfarmar. Pelsdyra lid i bur. Dei drep eigne valpar og et på eigne kroppsdelar i frustrasjon over å vere innesperra. Til slutt vert pelsdyra drepne med strøm eller gass.* Eg tykkjer det er uhaldbart i eit land som Noreg at pelsindustri framleis er lovleg og får statsstøtte. Difor undersøkjer eg om dei butikkane eg handlar i sel pels, og hvis dei gjer det handlar eg ikkje der. Eg har òg skrive til ein butikk at eg ikkje ønskjer å støtte dei fordi dei sel pels. Fekk ingen respons dessverre. Dette var butikken Josefine, som heldt til på Gol.


Eg har vore tilnerma vegetarianar i nokre månader no og tykkjer det går greitt. Eg har merka at det er kjøt i veldig mange ting, t.d ferdige grønnsakssupper som inneheldt kjøtekstrakt. Heilt unaudsynt spør du meg. Årsaka til at eg har vald å kutte ut kjøt er fyrst og fremst pga kjøtindustrien. I landbruket vert dyra avla til å vekse fort og produsere mykje. Dei vert haldne innesperra på lite plass og dette har alvorlege konsekvensar for dyrevelferda. Den intensive drifta påfører dyra sjukdom og atferdsforstyrringar.* Men eg tykkjer ikkje det er noko problem å ete fisk og dyr som har levd heile livet ute i det fri. Så eg kan ete vilt og fisk, men prøver å unngå oppdrettsfisk. Noko av det beste eg veit er å vere på hytta på fjellet om sumaren og ete sjølvfanga fisk. Å leve etter naturen sine prinsipp, trur eg er den rette måten å leve på.


Til slutt vil eg nevne at eg alltid undersøkjer om kosmetikk det er testa på dyr. No som Lush har kome til Bergen handlar eg mest der, for der veit eg at ingenting er testa på dyr og alt er så miljøvenleg som ein får det.

*Kjelde: Dyrevernalliansen